Seeding og organisering av startfelt

Haukelirennet legg fylgjande til grunn for kva løparar som skal i seeda gruppe:

  • Arrangør nyttar resultatlista for Haukelirennet året før som utgangspunkt og held dette opp mot FIS-punkt. Der det blir tvil, eller løpar ikkje har delteke i Haukelirennet tidlegare, brukar arrangøren FIS-punkt som grunnlag for seeding.
  • For å koma med i seeda gruppe må nye løparar må ha betre rangering med utgangspunkt i FIS-punkt enn den løparen på vår seedingsliste med lågast rangering.
  • Fredag før rennet, innan kl. 10.30, legg me ut liste over seeda løparar på vår heimeside

Om du har spørsmål eller krav om seeding på bakgrunn av fyrste publiserte liste, kan du sende epost med ei enkel grunngjeving til rennleiar trond.flothyl@haukelirennet.no innan fredag 5. april 2019 kl. 15.00

Juryen stadfester endeleg seedingsliste og publiserer denne her på heimesida innan fredag kl. 22.00

Organisering av startfelt

Bak seeda gruppe vil vi dele feltet inn etter forventa slutttid.

Vi oppmodar deltakarane til å stille seg i det området dei meiner er rett for deira ambisjon og kapasitet. Startfeltet vil bli delt inn i båser med fylgande skilting

Bås 1: Forventa sluttid under 1 t. 45 min.
Bås 2: Forventa sluttid 1 t. 45 min.- 2 t.
Bås 3: Forventa sluttid 2 t.-2 t 30 min.
Bås 4: Forventa sluttid 2 t. 30 min. eller meir/mosjonklasse/trimklasse

Ungdomsrennet har ikkje seeding og løparar her vil ha eigen bås langt framme på høgre sida i startfeltet.

Startfeltet opnar kl. 11.50.


Program – dette skjer renndagen

Program 6. april
Kl. 08.30: Rennkontoret opnar
Kl. 09.30 Skiheisen opnar
Kl. 09.30-13.30: Start trimklasse
Kl. 10.15: Felles oppvarming for Vennerennet
Kl. 10.30: Vennerennet startar
Kl. 11.50: Startfeltet for tidtakarklassene opnar
Kl. 12.30: Haukelirennet startar
Ca. kl. 13.00: Målgang ungdomsrennet
Ca. kl. 13.30: Målgang Haukelirennet
Ca. kl. 14.30 Premieutdeling

Les under praktisk info for meir informasjon.


Trimklassa - gå utan tidtaking

Synest du 32 kilometer er for langt? Og at tidtaking er stress? Då kan du melde deg på som deltakar i trimklassa. Du får tildelt startnummer, men går utan tidtaking. Du går så langt du vil – og så fort du ynskjer.

Om du syns 32 kilometer er for heftig, men likevel vil sette deg eit distansemål, så kan me anbefale deg å gå desse fine alternativa:

13 km – Ungdomsrenntraseen

18 km – Fylg Haukelirenntraseen til fyrste matstasjon, og ta av i ungdomsrennløypa fram til mål.

Eller; ta ein kikk på løypekartet og kombiner sløyfer etter eige ynskje.

Alle deltakarar i trimklassa får årets Haukelirenn-lue og er med i trekninga av mange fine premiar – mellom anna reisegåvekort.

GOD TUR!


Støtt Haukelirennet på Vipps 97750

Vipps eit bidrag til nr. 97750!

IL Rein/Haukelirennet er stolte av å stå for prepping av den 32 kilometer lange Haukelirenn-traséen. Frå no, gjennom heile påska og fram til rennet blir løypa køyrd jamnleg, klar til bruk for alle som er glade i å gå på ski. Løypekøyringa skjer på dugnad av våre dyktige og dedikerte løypekøyrarar.

Årets Haukelirenn slit litt med reduserte sponsorinntekter, men me håpar at alle som er glade i området mobiliserer vener og kjende og melder seg på rennet 14. april.

Eventuelle overskot og underskot frå Haukelirennet fell båe på arrangørklubben IL Rein som har ca. 120 Haukelirenn-funksjonærar i sving i samband med arrangementet.