Strålande sjølv i snovær

Til tross for dårleg vêrmelding og lite sikt i fjellet sto 619 små og store deltakarar klare på start i årets Haukelirenn. Allereie fredag slutta rennjuryen å korte rennet frå 32 kilometer til 18 kilometer, men både eliten, ungdommar, barn og turgåarar gjennomførte blidt på Haukelifjell.

Skiftande vær og tidvis dårleg sikt gjorde at juryen og rennleiinga allereie fredag kunne kunngjere at årets Haukelirenn vart korta ned til 18 kilometer. – Med ei 18 kilometer lang løype sikra løypemannskapet god kvalitet på løypetraseen heile vegen, og slik været blei er me nøgde med avgjersla, seier rennleiar Trond Neri Flothyl. Det vart ei trygg og fin gjennomføring, og mange blide folk i løypene sjølv med litt sno i lufta, legg han til.

Etter ein intens spurtduell trakk Vebjørn Turtveit (Voss IL) det lengste strået i årets utgåve av Haukelirennet. To tiandelar bak kom David Thorvik (Kjelsås IL) i mål, medan Thomas Linnebo Mollestad (Oddersjaa SSK) kom inn som nummer tre. Klart beste dame var Karoline Simpson-Larsen (Vargar IL), etterfylgt av Emma Kirkeberg Mørk (Drammens Ballklubb) på andre plass og Hilde Fenne på tredje. Fenne var raskaste dame ned Haukeli-bakken til mål. Turtveit var raskaste herre.

Haukelirennet takkar alle deltakarar, samarbedidspartnarar og funksjonærar for ein strålande dag. Me er svært takksame for alle som deltek på Haukelirennet år etter år. Me sjåast i 2024!

Sjå bilete frå dagen i galleriet her (link).

Resultat finn du her. 


Jurymøte laurdag 15. april kl. 08:00

Jurymøte før rennet, fredag 15. april kl. 08:00

Desse deltok:

  • Geir Colbjørnsen,, TD
  • André Horgen, ass TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Ted Erik Botn, løypesjef
  • Anders Holen, lege
  • Margit Slåtta Flothyl, sekretær

Status:

  • 551 påmeldte i morgotimane.
  • Ingen endring på løypa frå i går. 18 kilometer blir lengste distanse. Ungdomsrennet og Vennerennet går som vanleg.

Vêr, føre og løype:

  • Løypemannskapet var ute seint i går kveld/tidlig natt. Kjører spor på startsletta no på morgokvisten. Ikkje hensiktsmessig å køyre gjennom løypa ein gong til no.
  • God sikt på morgokvisten.

Beredskap:

  • Lege på staden. Mykje mannskap frå Røde Kors både i løypa, på matstasjon og i målområdet.
  • Ambulanse og brannvesen på staden.
  • Omtrent 130 funksjonærar på staden og omtrent 30 skuterar.
  • Helikopterlandingsplass mogleg i Haukelifjell skisenter, evt transport med ambulanse i møte.

 

Neste jurymøte: laurdag 15. april 2023, ca. kl. 16:00.


Seedingliste 2023

Seedingliste Haukelirennet 2023.

  1. Gaute Kvåle vinnar 2022
  2. Henrik Dønnestad
  3. Vebjørn Turtveit
  4. Gjøran Tefre
  5. David Thorvik
  6. Erling Fosse
  7. Aron Åkre Rysstad
  8. Daniel Dukstad
  9. Thomas Blom
  10. Tobias Aarekol
  11. Sivert Wiig
  12. Thomas Linnebo Mollestad
  13. Storm Haugenes Pedersen
  14. Per Ingvar Tollhaug
  15. Sjur Obrestad Gabrielsen
  16. Simen Fossesholm
  17. Emma Kirkeberg Mørk
  18. Karoline Simpson Larsen
  19. Julie Bjervig Drivenes
  20. Gunhild Kvålseth
  21. Julie Kvale Støstad
  22. Edward Bjåstad
  23. Niklas Bosdal Thorsen
  24. Mathilde Rønning
  25. Lars Svaland
  26. Magnus Lian Aarrestad
  27. Marie F. Drøpping
  28. Helene Haugan
  29. Tora Weng
  30. Kamilla Nygård
  31. Sondre Harstad Rinde

Haukelirennet 2023 blir 18 kilometer

På grunn av været fram til no og værmelding har juryen beslutta at Haukelirennet 2023 er redusert til 18 kilometer. Dette gjer at løypemannskapet kan sikre god kvalitet på løypetraséen og løpstida blir kortare.

Statkraftspurten og Sport 1-spurten blir lagt inn i løypa. Statkraftspurten som vanleg etter 8 kilometer, og Sport 1-spurten ved Smørvikbakken etter omtrent 12 km. Spurten i nedfarten (Haukeli-bakken) går også som vanleg. Desse spurtane. gjeld aktivklasse (dei som er påmeldt 32 km aktiv). Det blir ein matstasjon.

Det er meldt lite eller ingen vind på renndagen. Juryen fylgjer med på vær og føreforhold, og har møte både fredag ettermiddag og laurdag morgo.

 


Smørjeservice på Haukelirennet

Yes Skiwax tilbyr fylgjande smørjeservice på Haukelirennet 

Alt 1. Racing 500,-
Reinsing av glidsone + glid racing  + rill

 Alt 2. Racing  1000,-
Reinsing av glidsone + glid racing  + topping + rill

Alt 3. Racing  400,-
Reinsing av glidsone + glid + rill

Ski leverast fredag 14.04.2023 mellom kl. 15:30 og kl. 20:30 på stand i nærleiken av rennkontoret i Haukelifjell skisenter.

Ski hentast laurdag 15.04.2023 mellom kl. 09:00 og kl. 11:30 på stand i nærleiken av rennkontoret i Haukelifjell skisenter.

Kontakt: info@yesskiwax.no
Mobil: 99041454

 


Møt ungdomsrenndeltakarane Ingebjørg og Kristine

Side om side med eliten står ungdommane til start i Haukelirennet. Det 12 kilometer lange ungdomsrennet samlar ungdommar frå heile landet, og i startfeltet står både Ingebjørg Kili (13) og Kristine Reinsviki (13).

- Det er moro å gå eit så stort og kjent skirenn i nærområdet. Løypa og naturen er fantastisk, også får me stille til start saman med både ungdommar frå heile landet og eliteutøvarane, fortel Ingebjørg Kili (13). Ho og venninna Kristine Reinsviki (13) går begge for arrangørklubben IL Rein. Saman har dei stilt til start i fleire skirenn gjennom sesongen, deriblant i ungdommens Holmenkollrenn. Haukelirennet er likevel eit høgdepunkt for dei begge. – Stemninga på Haukelirennet er magisk. Det er som å gå i Holmenkollen berre med mykje finare natur! Det et skikkeleg moro å køyre ned svingane til mål og sjå på alle som syng og heiar. Dei lagar veldig god stemning, fortel Kili.

Ungdomsrennet fylgjer delar av traseen til det 32 kilometer lange Haukelirennet. Totalt 12 kilometer på enden av Hardangervidda, med ei artig og utfordrande utforkøyring ned til mål. – Ungdomsrennet er passe langt. Ein får tatt seg bra ut oppover, men også renne ein del utfor. Variasjonen gjer løypa veldig morosam, seier Reinsviki. Ho legg til at det er ekstra unikt å gå skirenn på høgfjellet.

På spørsmål om kven dei oppfordrar til å delta i ungdomsrennet er dei ikkje i tvil. – Alle som likar å gå på ski! Dei ivrige Haukelirenndeltakarane påpeikar at ein ikkje treng å vere landets beste for å delta i Haukelirennets ungdomsrenn, og at det viktigaste er å ha det moro. – Det er ein siger berre å delta, legg dei til. Både Kili og Reinsviki deltek på årets Haukelirenn. – Det er eit renn eg ikkje vil gå glipp av, i alle fall, avsluttar Kili.


Dette skjer på renndagen 15. april

Program 15. april 2023

Kl. 08.30: Rennkontoret opnar
Kl. 09.00 Skiheisen opnar
Kl. 09.30-13.30: Start trimklasse
Kl. 10.15: Felles oppvarming for Vennerennet
Kl. 10.30: Vennerennet startar
Kl. 11.50: Startfeltet for tidtakarklassene opnar
Kl. 12.30: Haukelirennet startar
Ca. kl. 13.00: Målgang ungdomsrennet
Ca. kl. 13.30: Målgang Haukelirennet
Ca. kl. 14.30 Premieutdeling

 

Les under praktisk info (link) for meir informasjon om renndagen.

 


Møt "Stjernene" som går trim-rennet!

År etter år stiller damene under teamnamnet «Stjernene» til start på Haukelirennet. Dei 17 damene i alderen 50 til 62 år møtast både til joggeturar og teater, og Haukelirennet har blitt ei fast hending i kalenderen til venninnegjengen frå Haugesund.

– Me er ein stor venninnegjeng som både joggar, går på teater, reiser på fjellturar og feirar store dagar saman, seier stjernemedlemmane Ellen Myklebust og Inger Johanne Storesund. Stjernene melder seg på trim-klassa til Haukelirennet, og tek turen i Haukelirennløypa i sitt eige tempo. – Eg trudde på førehand at Haukelirennet var for krevjande og at dette berre er eit renn for dei flinke og rakse på ski. Saman med «Stjernene» fann eg ut at det ikkje stemmer, og at Haukelirennet derimot er eit renn for alle som likar å gå på ski, fortel Myklebust.

Stjerne-damene går i samla flokk gjennom løypa, tar pauser undervegs og kosar seg på ski i vårsola på Haukelifjell.  – Me tek dagen som den kjem. Etter å ha gått eit stykke, rastar me som regel i ei li, varmar oss i sola og heiar på eliten som susar forbi, fortel dei. Etter målgang blir det obligatoriske gruppebiletet foreviga, før bragden feirast med ein god stjernemiddag i lag. Eit år vann til og med eit stjernemedlem ein gevinst på startnummeret sitt. – Det var ekstra stas, legg damene til.

Myklebust, Storesund og resten av «Stjernene» oppmodar alle som likar å gå på ski til å melde seg på Haukelirennet. – Det som er bra med trimklassa er at me kan gå i det tempoet som passar for oss. Det er eit flott arrangement med fantastiske løyper og mange hyggelege folk. Det viktigaste er å ta seg tid til å vere ute, stoppe opp på matstasjonane og heie på kvarandre, avsluttar dei to blide damene, som sjølvsagt er påmeldt årets Haukelirenn.


Haukelirennet 2022

Laurdag kunne endeleg det trettande ordinære Haukelirennet arrangeras. Sola skein om kapp med dei 1064 deltakarane då starten gjekk på toppen av Haukelifjell skisenter. Gaute Kvåle frå Rødal IL vann herreklassa, medan Silje Øyre Slind frå Oppdal IL vann dameklassa.

Etter to amputerte år var det berre store smil å sjå i den 32 kilometer lange Haukelirennløypa på Haukelifjell. Til saman deltok 1064 løparar i solsteika. Den aller raskaste gjennom var Gaute Kvåle frå Røldal IL med tida 1:11:38. Deretter fylgde Eivind Kjennerud frå Sande Sportsklubb med tida 1:12:58 og Arild Fosse frå Bjørgum med tida 1:15:14. På damesida vann Silje Øyre Slind frå Oppdal IL med tida 1:18:58, før Gunnhild Kvålseth med tida 1:24:49 og Hanna Kristine Larsen frå Heddal IL med tida 1:25:21.

Ungdomsrennet
I ungdomsrennet var det Jacob Berntzen Utistog frå Koll IL som gjekk fortast. Kristina Skulestøyl Aas frå Gransherad IL var raskaste jente.

Blidaste turrennet
Gleda over å gå Haukelirennet att var tydeleg stor blant både aktive, mosjonistar, trimmarar, ungdom og barn, og arrangøren var nøgde med deltakartalet, trass i litt færre enn dei siste gjennomføringane. Dei 130 funksjonærane frå IL Rein kunne smile då siste løparen gjekk i mål laurdag ettermiddag. Det er ikkje for ingenting at Haukelirennet går for å vere «Noregs blidaste turrenn».

 

Resultat 2022

Bilete (oppdateras fortløpande)

Velkommen tilbake laurdag 15. april 2023!


Jurymøte etter rennet, laurdag kl. 16:40

Jurymøte etter rennet, laurdag 2. april kl 16:40

Desse deltok:

  • Geir Colbjørnsen,, TD
  • André Horgen, ass TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Margit Slåtta Flothyl, sekretær
  • Ted Erik Botn, løypesjef
  • Anders Holen, ansvarleg lege

Evaluering:

  • 1064 deltakarar.
  • Fin flyt i parkering, Vennerenn og start. Løypene var strøkne. Tidtaking gjekk bra.
  • Deltakarar opplevde det som positivt med to ekstra spor på start (10 spor i år)
  • Kan skilte betre til bagasje.
  • Tydeleg på at pengepremiar ikkje er for ungdomsrenn, inkl. SR-spurten. Kan vurdere ein eigen spurt for ungdommen.

Skader og hendingar

  • Ingen alvorlege skader. Meldt om eit forstua handledd. Elles gnagsår.
  • Røde Kors har vore flinke til å fylgje opp og melde på samband.

Tilbakemeldingar

  • Stort sett bare smil og gode tilbakemeldingar.
  • Eit innspel om at nokre hundeeigarar tar litt lite hensyn.

Rapport frå jury

  • Godt organisert arrangement. Artig med så mange unge funksjonærar.
  • Innspel om å presisere at pengepremiar berre gjeld elite.