Sola skein frå blå himmel på Haukelifjell då det syttande Haukelirennet gjekk av stabelen i dag. Vinden bles godt på fjelltoppane, men 516 deltakar stilte likevel til start. Gaute Kvåle frå Røldal IL / Team Elon Vest stakk av med sigeren i herreklassa, medan Nora Sannes Kjelsås IL / Team Elon Oslofjord stakk av med sigeren i kvinneklassa.  

Yr melde på førehand om sterk vind på Haukelifjell, og arrangøren og juryen bestemte derfor å gjennomføre to rundar av den austlegaste delen av traseen. Rennet blei dermed like langt som vanleg, men i ei litt ana utgåve. Takka vere ein løysingsorientert og handlekraftig funksjonærstab blei det gjennomført eit fullverdig turrenn i nydelege omgjevnadar til tross for vind på toppane.  

På startstreken sto eit sterkt startfelt. Særleg kvinneklassa viste seg å by på hard konkurranse. Den ferske noregsmeisteren Sofie Nordsveen Hustad Kjelsås IL utfordra Sannes heilt til målstreken, og melde om deltaking også i åra framover. Karoline Simpson-Larsen Vargar IL / Team Elon Vest kom i mål til ein sterk tredjeplass. Også på herresida baud sterke løparar opp til konkurranse. Tett etter Kvåle kom Mathias Holbæk IL Vinbjart / Team Elon Vest. På tredjeplass kom Sivert Wiig Gjesdal IL / Team Elon Vest.  

Også blant ungdommane var det sterke løparar. I den 12 kilometer lange løypa var det Torbjørn Grindheim Otra IL som var raksaste mann, medan Celina Enes-Seberg Hovden Sportsklubb var raskaste kvinne. Det var også mange blide barn og trimmarar å sjå i løypene.  

Arrangøren takkar alle deltakarar, funksjonærar og sponsorar for innsatsen. Me gler oss til neste år!