Takk for Haukelirennet 2024

Sola skein frå blå himmel på Haukelifjell då det syttande Haukelirennet gjekk av stabelen i dag. Vinden bles godt på fjelltoppane, men 516 deltakar stilte likevel til start. Gaute Kvåle frå Røldal IL / Team Elon Vest stakk av med sigeren i herreklassa, medan Nora Sannes Kjelsås IL / Team Elon Oslofjord stakk av med sigeren i kvinneklassa.  

Yr melde på førehand om sterk vind på Haukelifjell, og arrangøren og juryen bestemte derfor å gjennomføre to rundar av den austlegaste delen av traseen. Rennet blei dermed like langt som vanleg, men i ei litt ana utgåve. Takka vere ein løysingsorientert og handlekraftig funksjonærstab blei det gjennomført eit fullverdig turrenn i nydelege omgjevnadar til tross for vind på toppane.  

På startstreken sto eit sterkt startfelt. Særleg kvinneklassa viste seg å by på hard konkurranse. Den ferske noregsmeisteren Sofie Nordsveen Hustad Kjelsås IL utfordra Sannes heilt til målstreken, og melde om deltaking også i åra framover. Karoline Simpson-Larsen Vargar IL / Team Elon Vest kom i mål til ein sterk tredjeplass. Også på herresida baud sterke løparar opp til konkurranse. Tett etter Kvåle kom Mathias Holbæk IL Vinbjart / Team Elon Vest. På tredjeplass kom Sivert Wiig Gjesdal IL / Team Elon Vest.  

Også blant ungdommane var det sterke løparar. I den 12 kilometer lange løypa var det Torbjørn Grindheim Otra IL som var raksaste mann, medan Celina Enes-Seberg Hovden Sportsklubb var raskaste kvinne. Det var også mange blide barn og trimmarar å sjå i løypene.  

Arrangøren takkar alle deltakarar, funksjonærar og sponsorar for innsatsen. Me gler oss til neste år!


Solkremvarsel

Me minnar vennleg om at det er lurt å smørje seg med solkrem før det er klart for ein kjempefin dag ute på Haukelirennet. Sola skin frå blå himmel og fara for at sola tek er absolutt til stades.

Haukelirennet 2024 blir 2 x 16 km og ned til mål. Traseen som blir nytta er merka i grønt på løypekartet HER (link til løypekart). Avgjersla er teke for å best vareta sikkerheita til løparane og samtidig få til eit fullverdig og langt turrenn.

Statkraftspurten er som vanleg etter omtrent 8 kilometer. Sport 1-spurten er etter omtrent 27 kilometer. Dert vil bli organisert matstasjon 2 ved runding.


Jurymøte laurdag 13. april kl. 0800

Jurymøte før rennet, laurdag 13. april kl. 08:00

Desse deltok:

  • Geir Colbjørnsen,, TD
  • André Horgen, ass TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Gudmund Gardsteig, løypesjef
  • Espen Lauritsen, lege
  • Margit Slåtta Flothyl, sekretær

Status:

  • 448 påmeldte i morgotimane.
  • Ingen endring på løypa frå i går. Ungdomsrennet og Vennerennet går som vanleg.

Vêr, føre og løype:

  • Løypa er hard og fin.
  • God sikt på morgokvisten. Litt vind.
  • Temperatur omtrent pluss 2.

Beredskap:

  • Lege på staden. Mykje mannskap frå Røde Kors både i løypa, på matstasjon og i målområdet.
  • Ambulanse og brannvesen på staden.
  • Helikopterlandingsplass mogleg i Haukelifjell skisenter, evt transport med ambulanse i møte.

 

Neste jurymøte: laurdag 13. april 2024, ca. kl. 16:00.


Seedingliste 2024

1 Vebjørn Turtveit

2 David Thorsvik

3 Thomas L. Mollestad

4 Gaute Kvåle

5 Mathias Holbæk

6 Jon Rolf S. Hope

7 Sivert Wiig

8 Sondre R. Ramse

9 Karsten A. Vestad

10 Aron Å. Rysstad

11 Karoline Simpson-Larsen

12 Julie B. Drivenes

13 Sofie N. Hustad

14 Nora Sannes

15 Kari Øyre Slind

16 Sigrid Leseth Føyen

17 Lars Å. Svaland

18 Daniel Dukstad

19 Sjur Obrestad Gabrielsen

20 Halvor Kleiv

21 Thomas Blom

22 Magnus Aarrestad

23 Daniel Omfjord

24 Håvard Kolbeinsvik

25 Niklas B. Thorsen

26 Elias Dybind

27 Iver B. Øverland

74  Kristoffer Sola


Oppdatering angåande vær og føre - Haukelirennet 2024 blir 2 x 16 km

På grunn av vinden som er meldt og føret elles har arrangøren bestemt at Haukelirennet 2024 blir to rundar av 16 kilometer. Det er traseen aust for matstasjon 1 som blir nytta.

Traseen som blir nytta er merka i grønt på løypekartet HER (link til løypekart). Avgjersla er teke for å best vareta sikkerheita til løparane og samtidig få til eit fullverdig og langt turrenn.

Statkraftspurten er som vanleg etter omtrent 8 kilometer. Sport 1-spurten er etter omtrent 27 kilometer. Dert vil bli organisert matstasjon 2 ved runding.

Rennleiinga og juryen vil fortløpande fylgje med på været og syte for at rennet går føre seg på forsvarleg vis. Det kan derfor avhengig av været bli fleire endringar fram mot rennstart. Dette vil i såfall publiserast her, på sosiale media og på speakeranlegget.

Uansett vær og føre er Haukelirennet Noregs blidaste turrrenn, og me håpar å sjå akkurat deg på laurdag!


Dette skjer på renndagen 13. april

Program 13. april 2024

Kl. 08.30: Rennkontoret opnar
Kl. 09.00 Skiheisen opnar
Kl. 09.30-13.30: Start trimklasse
Kl. 10.45: Felles oppvarming for Vennerennet
Kl. 11.00: Vennerennet startar OBS nytt starttidspunkt
Kl. 11.50: Startfeltet for tidtakarklassene opnar
Kl. 12.30: Haukelirennet startar
Ca. kl. 13.00: Målgang ungdomsrennet
Ca. kl. 13.30: Målgang Haukelirennet
Ca. kl. 14.30 Premieutdeling

 

Les under praktisk info (link) for meir informasjon om renndagen.


YES - smørjeservice på renndagen

Yes Skiwax tilbyr fylgjande smørjeservice på Haukelirennet 

Alt 1. Racing 500,-
Reinsing av glidsone + glid racing  + rill

 Alt 2. Racing  1000,-
Reinsing av glidsone + glid racing  + topping + rill

Alt 3. Racing  400,-
Reinsing av glidsone + glid + rill

Ski leverast fredag 12. april 2024 mellom kl. 15:30 og kl. 20:30 på stand i nærleiken av rennkontoret i Haukelifjell skisenter.

Ski hentast laurdag 13. april 2024 mellom kl. 09:00 og kl. 11:30 på stand i nærleiken av rennkontoret i Haukelifjell skisenter.

Kontakt: info@yesskiwax.no
Mobil: 99041454

 


Fluorforbodet gjeld også i turrenn

Me minnar vennleg om at fluorhaldig smøring eller produkt som inneheld fluor er forbode i alle greiner og på alle nivå - det inkluderer turrenn. Det kan gjennomførast kontrolltesting av ski. Sjå meir på skiforbundet sine sider. 


Strålande sjølv i snovær

Til tross for dårleg vêrmelding og lite sikt i fjellet sto 619 små og store deltakarar klare på start i årets Haukelirenn. Allereie fredag slutta rennjuryen å korte rennet frå 32 kilometer til 18 kilometer, men både eliten, ungdommar, barn og turgåarar gjennomførte blidt på Haukelifjell.

Skiftande vær og tidvis dårleg sikt gjorde at juryen og rennleiinga allereie fredag kunne kunngjere at årets Haukelirenn vart korta ned til 18 kilometer. – Med ei 18 kilometer lang løype sikra løypemannskapet god kvalitet på løypetraseen heile vegen, og slik været blei er me nøgde med avgjersla, seier rennleiar Trond Neri Flothyl. Det vart ei trygg og fin gjennomføring, og mange blide folk i løypene sjølv med litt sno i lufta, legg han til.

Etter ein intens spurtduell trakk Vebjørn Turtveit (Voss IL) det lengste strået i årets utgåve av Haukelirennet. To tiandelar bak kom David Thorvik (Kjelsås IL) i mål, medan Thomas Linnebo Mollestad (Oddersjaa SSK) kom inn som nummer tre. Klart beste dame var Karoline Simpson-Larsen (Vargar IL), etterfylgt av Emma Kirkeberg Mørk (Drammens Ballklubb) på andre plass og Hilde Fenne på tredje. Fenne var raskaste dame ned Haukeli-bakken til mål. Turtveit var raskaste herre.

Haukelirennet takkar alle deltakarar, samarbedidspartnarar og funksjonærar for ein strålande dag. Me er svært takksame for alle som deltek på Haukelirennet år etter år. Me sjåast i 2024!

Sjå bilete frå dagen i galleriet her (link).

Resultat finn du her. 


Jurymøte laurdag 15. april kl. 08:00

Jurymøte før rennet, fredag 15. april kl. 08:00

Desse deltok:

  • Geir Colbjørnsen,, TD
  • André Horgen, ass TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Ted Erik Botn, løypesjef
  • Anders Holen, lege
  • Margit Slåtta Flothyl, sekretær

Status:

  • 551 påmeldte i morgotimane.
  • Ingen endring på løypa frå i går. 18 kilometer blir lengste distanse. Ungdomsrennet og Vennerennet går som vanleg.

Vêr, føre og løype:

  • Løypemannskapet var ute seint i går kveld/tidlig natt. Kjører spor på startsletta no på morgokvisten. Ikkje hensiktsmessig å køyre gjennom løypa ein gong til no.
  • God sikt på morgokvisten.

Beredskap:

  • Lege på staden. Mykje mannskap frå Røde Kors både i løypa, på matstasjon og i målområdet.
  • Ambulanse og brannvesen på staden.
  • Omtrent 130 funksjonærar på staden og omtrent 30 skuterar.
  • Helikopterlandingsplass mogleg i Haukelifjell skisenter, evt transport med ambulanse i møte.

 

Neste jurymøte: laurdag 15. april 2023, ca. kl. 16:00.