Praktisk info

Rennkontor

Rennkontoret finn du i målområdet og har desse opningstidene:
Fredag 13. april kl. 17.00-21.00
Laurdag 14. april frå kl. 08.00.

Start/mål

Fellesstart for alle tidtakingsklasser kl. 12.30. Arrangøren regulerer startposisjonane. Skiheisen som fraktar deltakarar til start opnar kl 09.00.

Løypa er open for trimmarar frå kl. 09.00.

Startpunktet ligg på ca 1000 moh. ovanfor toppen av t-krokheisen i Haukelifjell skisenter (følg skiltinga). Gratis skiheistransport til startsletta for alle påmeldte (turen opp tek ca. 15 minutt). Kvar enkelt deltakar er ansvarleg for å koma seg tidsnok til start.

Målgang er nede i Haukelifjell skisenter.

Oppvarming

Det er høve til å varme opp i løypa.

Stilart

Rennet går i fristil, preparert for både klassisk og skøyting.

Drikkestasjonar/matstasjonar

Det er drikke- og matstasjon (saft, sportsdrikke og frukt) etter 8 km, 16 km og 22 km. Matstasjonane opnar kl 10.00.

Garderobar og toalett

Det er garderobe/dusjar på Edland skule, omlag 11 km aust for stadion. Køyr E134 til Edland, fylg deretter skiltinga.

Inne i Tyrvelidhallen på skisenteret er det kafè, toalett m.m. Det blir satt opp ekstra toalett ved start- og målområdet samt ved fyrste matstasjon.

Resultatservice

Resultatlister blir kunngjort ved mål så snart dei er klare. Listene blir óg lagt ut her på heimesida vår.

Startnummer, avlevering/henting av klede

Brikka er integrert i start-nummeret. Pass på at startnummeret er med gjennom heile løypa.

Ved utlevering av startnummeret får ein pose til klede. Det er viktig å nytte vedlagte strips (merka med ditt startnummer) for å lukke posen. Lever lukka pose i startområdet på merka sone. Posane kan deltakarane hente i målområdet etter målgang.

Sanitetsteneste

Det er medisinsk ansvarleg og sanitetspersonell på staden. Røde Kors er tilstades fleire stader ute i løypa.

Avlysing/endring av løypa

Ved dårleg vêr kan løypa bli korta inn. Særs vanskelege temperatur-,
vêr- og snøtilhøve/andre løypetilhøve kan i verste fall føre til avlysing. Oppdatert informasjon om dette på vår heimeside og facebookside.

Sperretid

Ein må ha passera den siste matstasjonen (22 km) innan 3 timar og 30 minutt etter start (kl. 16.00).

Ved avbrote løp

Ta kontakt med rennkontoret og levér startnummeret der.

Premieseremoni

I målområdet ca. kl. 14.30, men eksakt tidspunkt blir kunngjort av speaker.

Premiehenting

Premiar utanom premieseremonien må deltakarane hente sjølve. Trekningsliste av trimpremiar blir kunngjort renndagen. Uavhenta premiar blir ikkje ettersendt.

Søppel

Ikkje kast søppel i traséen! Ta med søppelet til nærmaste matstasjon.