Til tross for dårleg vêrmelding og lite sikt i fjellet sto 619 små og store deltakarar klare på start i årets Haukelirenn. Allereie fredag slutta rennjuryen å korte rennet frå 32 kilometer til 18 kilometer, men både eliten, ungdommar, barn og turgåarar gjennomførte blidt på Haukelifjell.

Skiftande vær og tidvis dårleg sikt gjorde at juryen og rennleiinga allereie fredag kunne kunngjere at årets Haukelirenn vart korta ned til 18 kilometer. – Med ei 18 kilometer lang løype sikra løypemannskapet god kvalitet på løypetraseen heile vegen, og slik været blei er me nøgde med avgjersla, seier rennleiar Trond Neri Flothyl. Det vart ei trygg og fin gjennomføring, og mange blide folk i løypene sjølv med litt sno i lufta, legg han til.

Etter ein intens spurtduell trakk Vebjørn Turtveit (Voss IL) det lengste strået i årets utgåve av Haukelirennet. To tiandelar bak kom David Thorvik (Kjelsås IL) i mål, medan Thomas Linnebo Mollestad (Oddersjaa SSK) kom inn som nummer tre. Klart beste dame var Karoline Simpson-Larsen (Vargar IL), etterfylgt av Emma Kirkeberg Mørk (Drammens Ballklubb) på andre plass og Hilde Fenne på tredje. Fenne var raskaste dame ned Haukeli-bakken til mål. Turtveit var raskaste herre.

Haukelirennet takkar alle deltakarar, samarbedidspartnarar og funksjonærar for ein strålande dag. Me er svært takksame for alle som deltek på Haukelirennet år etter år. Me sjåast i 2024!

Sjå bilete frå dagen i galleriet her (link).

Resultat finn du her.