Haukelirennet 2. april 2022

IL Rein har gleda av å invitere til Haukelirennet 2. april 2022

Endeleg blir Haukelirennet arrangert i si kjende form, og me gler oss til folkefest på Haukelifjell. I nydeleg fjellterreng ved inngangen til Hardangervidda kan både eliten, mosjonistar, ungdommar, barn og trimmarar nyte flotte løyper og mykje skiglede på det me satsar på blir ein solfylt aprildag.

Sjekk ut dei ulike distansane, og meld deg og familien på i dag: https://signup.eqtiming.com/?Event=haukelirennet

Me sjåast på Haukelifjell 2. april!


Deltakarrekord i solsteiken

Det blei ein dag med høg solfaktor og god stemning på Haukelifjell laurdag. Heile 1473 deltakarar stilte til start i Haukelirennet, og det var berre blide fjes å sjå blant aktive, mosjonistar, ungdommar, trimmarar, born og publikum.

Det var berre blide fjes å sjå då det ellevte Haukelirennet gjekk av stabelen laurdag. Nok ein gong toppa deltakartalet seg, og heile 1473 deltakarar stilte til start i årets renn. Vossingen Vebjørn Turtveit  vann det 32 kilometer lange turrennet, framfor verdsmeister Sjur Røthe og røldølen Gaute Kvåle. På damesida var det Silje Øyre Slind frå Oppdal IL som gjekk fortast, framfor Karoline Simpson-Larsen frå Vargar IL og Hedda Lundeberg Aas frå Skarphedin IL.

Mangfald
Sjølv om det var meir eller mindre kjende namn på toppen av resultatlista, er arrangøren oppteken av mangfaldet. – Dei som ynskjer å gå tur er like mykje deltakarar som dei som konkurrerer i aktivklassa, seier rennleiar Trond Neri Flothyl. I tillegg til aktivklasse, er det mosjonistklasse, ungdomsrenn, bornerenn og trimklasse.

Ungdomsrenn
Fleire av landets beste ungdommar sto på startstreken i det 13 kilometer lange ungdomsrennet, men Flothyl understrekar at det er stor breidde også her.  – Me syns det er moro å vere ein arena for alle. Både nokre av dei beste i landet, og ein del som ikkje har gått skirenn før deltek, fortel han. Også er det tøft at ungdommane kan stå side om side med eliten, legg han til. Tobias Aarekol vart beste gut, medan Amalie Galaaen Røthe vart beste jente.

Påskestemning
Sola skein over dei kvite viddene heile dagen, og det var ikkje eit vindpust å kjenne over tregrensa på Haukelifjell. Rennleiaren er storfornøgd med dagen.  –  Eg fekk opp til fleire spørsmål om det var mogleg å gå i shorts heile løypa. Og det var det, fortel Flothyl. Rammene for rennet kunne ikkje vore betre, legg han til. I tillegg til å takke alle deltakarane, rosar han dei over 140 frivillige funksjonærane. – Heile bygda er i sving når Haukelirennet arrangerast, og dei legg til rette for eit fantastisk arrangement år etter år. Det er me stolte av, avsluttar han.


Endeleg seedingliste

OPPDATERT LISTE
Juryen har stadfesta denne seedinglista.

Vebjørn Turtveit, Voss IL
Sjur Røthe, Voss IL
Gaute Kvåle, Røldal IL
Magnus Krog, Høydalsmo IL/Granåsen skiteam
Silje Øyre Slind, Oppdal IL
Martin Kirkeberg Mørk, Drammens Ballklubb
Simen Munch Wahl, Bækkelagets SK / BSK
Margrethe Røssum Dyrhovd, Krødsherad IL
Åsmund Wiberg, Hornes
Ulrik Måbø, Lillehammer Skiklubb
Erik Nordjordet Vehus, Hovden Sportsklubb
Markus Fet Støtvig, Oseberg Skilag
Dag Sander Bjørndalen, Simostranda IL/Team Geilo
Olve Ure, Voss IL
Tuva Lislevand, Oddersjaa SSK
Brynjar Grave, Seljord IL
Oskar Axelsson, Oppegård IL
Per Kristian Gauslaa, Oddersjaa SSK
Bård Olav Medhus, Røldal IL
Simen Engevik, Stord IL
Øyvind Aalling LIo, Bjerke IL
Martin Linnebo Mollestad; Oddersjaa SSK
Marius Bakke, Søgne Skiklubb/HSG
Marianne Nygaard, Sandnes IL
Ole Gunnar Lund Jensen, Oddersjaa SSK
Thomas Meinicke, Jutul IL
Karl Christian Øvrebø, Åmdal IL
Erik Ringhus, IL Rein
Marius Rønningen Skaug, Svarstad IL Ski/HSG
Kristina Hipolan Bergmann, Drangedal IL
Vera Kristina Flatland, Heddal IL
Siri Vestengen, HSG/Nittedal IL
Jonas Hammelow Fridlund, Larvik Ski
Gunnhild Kvålseth, Morgedal IL
Øystein Halldorsson, IL Korlevoll – Odda
Mathias Skrede, Geilo IL
Dag Erik Molandsveen, Eiker-Kvikk IF
Gjermund Steinsland, Otra IL/Team Steinsland
Ola Martin Øverland, Sauda IL/Statkraft
Per Gunnar Mustad, Stathelle og Omegn IL
Trond Evald Hansen, Try
Kristian Heggebø, Vindafjord IL
Axel Holth-Siegel, Ås IL/HSG
Ragnhild Aarekol, Berge Sag
Lars Steinar Hefre, Høydalsmo IL
Martin Femsteinevik, Hålandsdal IL
Harald Sundgodt Borgen, Skiforeningen/Holmenkollen Skifestival
Kristoffer Pettersen, Fløy Ski


Smørjetips

SMØRJETIPS FREDAG ETTERMIDDAG

Smørjarane har vore ute i løypa, og har fylgjande tips å komme med fredag ettermiddag.

GLID
Aktiv: kvit maraton + pulver FC8X / FC10X / gul toko
Mosjon: Høgfluor glider kvit maraton / HF8
Tur: LF8 / fluorfritt CH 8

FESTE
Base KB20 / KX30 + K22 universal

FELLESKI
Hugs å impregnere fell og glider på glidsone.

RILL
1 mm rett

SMØRJETIPS TORSDAG ETTERMIDDAG

Det var fire grader i lufta og finkorna sno, men det er sannsynleg at denne blir omdanna innan laurdag.

For trimmarar rådar me til å bruke Fluorfritt CH 8.
For mosjonistar rådar me til å bruke LF 8.
For aktive rådar me til å bruke HF8 / dhf104
Dei som ynskjer å ha feste vert råda til å bruke unviersalklister.

Me minnar om å fluorforbodet for ungsom under 16 år.


Seeding og organisering av startfelt

Haukelirennet legg fylgjande til grunn for kva løparar som skal i seeda gruppe:

  • Arrangør nyttar resultatlista for Haukelirennet året før som utgangspunkt og held dette opp mot FIS-punkt. Der det blir tvil, eller løpar ikkje har delteke i Haukelirennet tidlegare, brukar arrangøren FIS-punkt som grunnlag for seeding.
  • For å koma med i seeda gruppe må nye løparar må ha betre rangering med utgangspunkt i FIS-punkt enn den løparen på vår seedingsliste med lågast rangering.
  • Fredag før rennet, innan kl. 10.30, legg me ut liste over seeda løparar på vår heimeside

Om du har spørsmål eller krav om seeding på bakgrunn av fyrste publiserte liste, kan du sende epost med ei enkel grunngjeving til rennleiar trond.flothyl@haukelirennet.no innan fredag 5. april 2019 kl. 15.00

Juryen stadfester endeleg seedingsliste og publiserer denne her på heimesida innan fredag kl. 22.00

Organisering av startfelt

Bak seeda gruppe vil vi dele feltet inn etter forventa slutttid.

Vi oppmodar deltakarane til å stille seg i det området dei meiner er rett for deira ambisjon og kapasitet. Startfeltet vil bli delt inn i båser med fylgande skilting

Bås 1: Forventa sluttid under 1 t. 45 min.
Bås 2: Forventa sluttid 1 t. 45 min.- 2 t.
Bås 3: Forventa sluttid 2 t.-2 t 30 min.
Bås 4: Forventa sluttid 2 t. 30 min. eller meir/mosjonklasse/trimklasse

Ungdomsrennet har ikkje seeding og løparar her vil ha eigen bås langt framme på høgre sida i startfeltet.

Startfeltet opnar kl. 11.50.


Program – dette skjer renndagen

Program 6. april
Kl. 08.30: Rennkontoret opnar
Kl. 09.30 Skiheisen opnar
Kl. 09.30-13.30: Start trimklasse
Kl. 10.15: Felles oppvarming for Vennerennet
Kl. 10.30: Vennerennet startar
Kl. 11.50: Startfeltet for tidtakarklassene opnar
Kl. 12.30: Haukelirennet startar
Ca. kl. 13.00: Målgang ungdomsrennet
Ca. kl. 13.30: Målgang Haukelirennet
Ca. kl. 14.30 Premieutdeling

Les under praktisk info for meir informasjon.


Trimklassa - gå utan tidtaking

Synest du 32 kilometer er for langt? Og at tidtaking er stress? Då kan du melde deg på som deltakar i trimklassa. Du får tildelt startnummer, men går utan tidtaking. Du går så langt du vil – og så fort du ynskjer.

Om du syns 32 kilometer er for heftig, men likevel vil sette deg eit distansemål, så kan me anbefale deg å gå desse fine alternativa:

13 km – Ungdomsrenntraseen

18 km – Fylg Haukelirenntraseen til fyrste matstasjon, og ta av i ungdomsrennløypa fram til mål.

Eller; ta ein kikk på løypekartet og kombiner sløyfer etter eige ynskje.

Alle deltakarar i trimklassa får årets Haukelirenn-lue og er med i trekninga av mange fine premiar – mellom anna reisegåvekort.

GOD TUR!