Det blei ein dag med høg solfaktor og god stemning på Haukelifjell laurdag. Heile 1473 deltakarar stilte til start i Haukelirennet, og det var berre blide fjes å sjå blant aktive, mosjonistar, ungdommar, trimmarar, born og publikum.

Det var berre blide fjes å sjå då det ellevte Haukelirennet gjekk av stabelen laurdag. Nok ein gong toppa deltakartalet seg, og heile 1473 deltakarar stilte til start i årets renn. Vossingen Vebjørn Turtveit  vann det 32 kilometer lange turrennet, framfor verdsmeister Sjur Røthe og røldølen Gaute Kvåle. På damesida var det Silje Øyre Slind frå Oppdal IL som gjekk fortast, framfor Karoline Simpson-Larsen frå Vargar IL og Hedda Lundeberg Aas frå Skarphedin IL.

Mangfald
Sjølv om det var meir eller mindre kjende namn på toppen av resultatlista, er arrangøren oppteken av mangfaldet. – Dei som ynskjer å gå tur er like mykje deltakarar som dei som konkurrerer i aktivklassa, seier rennleiar Trond Neri Flothyl. I tillegg til aktivklasse, er det mosjonistklasse, ungdomsrenn, bornerenn og trimklasse.

Ungdomsrenn
Fleire av landets beste ungdommar sto på startstreken i det 13 kilometer lange ungdomsrennet, men Flothyl understrekar at det er stor breidde også her.  – Me syns det er moro å vere ein arena for alle. Både nokre av dei beste i landet, og ein del som ikkje har gått skirenn før deltek, fortel han. Også er det tøft at ungdommane kan stå side om side med eliten, legg han til. Tobias Aarekol vart beste gut, medan Amalie Galaaen Røthe vart beste jente.

Påskestemning
Sola skein over dei kvite viddene heile dagen, og det var ikkje eit vindpust å kjenne over tregrensa på Haukelifjell. Rennleiaren er storfornøgd med dagen.  –  Eg fekk opp til fleire spørsmål om det var mogleg å gå i shorts heile løypa. Og det var det, fortel Flothyl. Rammene for rennet kunne ikkje vore betre, legg han til. I tillegg til å takke alle deltakarane, rosar han dei over 140 frivillige funksjonærane. – Heile bygda er i sving når Haukelirennet arrangerast, og dei legg til rette for eit fantastisk arrangement år etter år. Det er me stolte av, avsluttar han.