Draumedag på Haukelifjell

Sjå for deg ein solfylt aprildag. Det er vindstille i fjellet. Det er blå himmel. Gradestokken går frå minus til pluss. Skiføret er magisk og det er berre store smil å sjå. Det er Haukelirennet det. Det syttande i rekkja blei arrangert i dag og det med 917 blide deltakarar på startstreken.

Fort gjekk det også. Martin Kirkeberg Mørk, Drammens Ballklubb, gjekk fortast av alle med tida 1:07:02 i den 32 kilometer lange løypa. Han var i tett kamp med Kasper Andersson Herland, Hemsedal IL / Team Anlegg Øst Entreprenør, som kom like bak. Thomas Linnebo Mollestad, Oddersjaa SSK, blei nummer tre. På damesida var Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL, klart raskast med tida 1:14:50. Gode fire minutt seinare kom Julie Bjervig Drivenes, Konnerud IL, og på tredjeplass kom Sigrid Bilstad Neraasen, Åsmarka IL / NVE Bil.

Rundt 50 barn gjekk også Vennerennet der både maskotane Hauk og Eli og heile Team Elon vest sto for heiing og premieutdeling. Det stilte også mange spreke ungdommar på startstreken side om side med eliten. Dette var ikkje minst ein ypparleg dag å vere trimdeltakar på, og mange tok turen rundt heile løypa. Det var også mange som nytta moglegheita til å setje seg på ein bar topp og nyte sola etter skituren.

 

 

 

 

 


SWIX SMØRETIPS HAUKELIRENNET 2025

Vær- og temperaturprognose
Oppdatert: Fredag 04.04.25 kl 11.00
De siste siste dagene har det vært kuldegrader på natta med varmegrader på dagtid. Det er omdannet og grovkornet snø i hele traséen.

Smøretipset er basert på værmelding, tidligere erfaring og testing i renntraseen. Temperaturer i traseen renndagen, lørdag. Hentet fra Yr.no.

Kreklingdyrflott kl. 12.30 +5°C Venaretjønn kl. 14.00 +3°C

STRUKTUR
Steinslipte ski: Medium til grov slip. Husk rill oppi steinslip gir ofte bedre gli.
Swix Rillejern: 1,0 mm rett rill (pregevalse som ruller og gir rett struktur). Hardt trykk på bakskia.

GLID – Alternativ 1. (Racing)

Varm inn DHFF hvit maraton med smørejern. Avkjøles, sikles og børstes godt med T179 stål eller T162 messing. Legg deretter ett lag TSP10 gult pulver varmes inn med smørejern. Avkjøles, sikles og børstes godt med T179 stål eller T162 messing og poleres med T160 blå nylon eller T190 rød nylon.

GLID – Alternativ 2. (Tur)

Spray på Swix HS10L Liquid. Her kan det være lurt å benytte en T21 filtkork for påføring. Spray på filten og stryk over skia, la det tørke innendørs. Når produktet har tørket, kan produktet børstes med blå eller rød nylonbørste (T0160 eller T190) Anbefaler at det legges en hard glider under den flytende. Swix HS6 er et godt alternativ.

FESTE alternativ

  1. Rubb opp festesonen godt med slipepapir #100 (Swix T330 el. T0011).
  2. Varm inn ett tynt lag med KX20 grønt grunnklister. Alternativt spray på ett tynt lag KB20 grønt

    klister.

  3. Legge deretter ett tynt lag KX35N Blå extra mellomlagsklister (mest aktuelt for som skal gå den

    lengste distansen)

  4. Avslutt med ett lag K22 universal
  5. Ved glatte ski, juster med KX65 rødt klister.

FELLESKI

Skal du gå med felleski anbefaler vi at du påfører N21 Swix Skin Boost for å øke fellens gli og feste-egenskaper.
Har du en godt brukt felleski med en skitten fell, anbefaler vi at du renser fellen godt med N22 og deretter impregnerer fellen med N20 skin impregnation.

Vi ønsker alle lykke til!


Jurymøte før rennet, fredag 4. april kl. 16:00

Desse deltok:

  • Geir Colbjørnsen,, TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Ted Erik Botn, løypesjef
  • Helge Ringhus, løparansvarleg
  • Margit Slåtta Flothyl, sekretær

 

Status:

  • Kontroll på løypa.
  • Heile løypa brukas med unntak av ein liten runden i toppen av Grasdalen. Løypa blir dermed totalt 31,5 km.
  • Det er veldig gode forhold.
  • Trimløypa følger tidlegare trasse frå toppen, men av sikkerhetsmessige årsakar blir løypa stengt i det brattaste partiet i henget, slik at trimdeltakarar må gå til fots omtrent 50 meter før dei kan ta på ski og fylgje hovudtrasseen vidare til mål.
  • Nedfarten saltas i kveld og denne trasseen stengas derfor fram til rennstart.

Seeding

  • Juryen har kome fram til endeleg seedingliste. Denne er publisert.

Beredskap:

  • God beredskap med ambulanse og røde kors, samt lege som har base i målområdet.
  • Varmen kan vere ei utfordring. Viktig med næring og drikke og å kle seg etter forholda.

 

Neste jurymøte: laurdag 5. april 2025, kl, 08:00


Seedingliste Haukelirennet 2025

  1. Gaute Kvåle
  2. Mathias Holbæk
  3. Sivert Wiig
  4. Thomas Mollestad
  5. Jon Rolf Skamo Hope
  6. Martin Kirkeberg Mørk
  7. David Thorvik
  8. Kasper Anderson Herland
  9. Runar Skaug Mathisen
  10. Sondre Ramse
  11. Aron Rysstad
  12. Karoline Simpson Larsen
  13. Julie Bjervig Drivenes
  14. Emma Skjerstad
  15. Sjur Obrestad Gabrielsen
  16. Håvard Kolbeinsvik
  17. Knut Erik A. Kåsa
  18. Astrid Horgen
  19. Per Gunnar Mustad
  20. Iver Fjelldalselv
  21. Marcus Lindheim
  22. Petter Lindskog
    Startnummer 111  Birk Bjaadal Winberg

 


Det er bare å finne fram solkremen og melde seg på Haukelirennet 5. april 2025

Det ligg an til eit strålande Haukelirenn på laurdag. Værmeldinga ser fantastisk ut og snoforholda gjer at me er sikre på å kunne arrangere Haukelirennet fyrstkommande laurdag. Det er derfor berre å finne fram solkremen og melde seg på Haukelirennet - enten du vil gå på tid eller trim. Husk at Vennerennet for dei yngste er gratis og at alle som deltek på Haukelirennet får deltakarpremie.

For meir informasjon om Haukelirennet trykk på "praktisk info" eller under "meny".
For påmelding trykker du her.

Velkommen til Haukelifjell og Hauklirennet 5. april 2025!

 

 


Påmelding til Haukelirennet 2025 opnar 1. desember!

Påmelding til Haukelirennet 5. april 2025 opnar 1. desember 2024. Meld deg på her! 

 


Takk for Haukelirennet 2024

Sola skein frå blå himmel på Haukelifjell då det syttande Haukelirennet gjekk av stabelen i dag. Vinden bles godt på fjelltoppane, men 516 deltakar stilte likevel til start. Gaute Kvåle frå Røldal IL / Team Elon Vest stakk av med sigeren i herreklassa, medan Nora Sannes Kjelsås IL / Team Elon Oslofjord stakk av med sigeren i kvinneklassa.  

Yr melde på førehand om sterk vind på Haukelifjell, og arrangøren og juryen bestemte derfor å gjennomføre to rundar av den austlegaste delen av traseen. Rennet blei dermed like langt som vanleg, men i ei litt ana utgåve. Takka vere ein løysingsorientert og handlekraftig funksjonærstab blei det gjennomført eit fullverdig turrenn i nydelege omgjevnadar til tross for vind på toppane.  

På startstreken sto eit sterkt startfelt. Særleg kvinneklassa viste seg å by på hard konkurranse. Den ferske noregsmeisteren Sofie Nordsveen Hustad Kjelsås IL utfordra Sannes heilt til målstreken, og melde om deltaking også i åra framover. Karoline Simpson-Larsen Vargar IL / Team Elon Vest kom i mål til ein sterk tredjeplass. Også på herresida baud sterke løparar opp til konkurranse. Tett etter Kvåle kom Mathias Holbæk IL Vinbjart / Team Elon Vest. På tredjeplass kom Sivert Wiig Gjesdal IL / Team Elon Vest.  

Også blant ungdommane var det sterke løparar. I den 12 kilometer lange løypa var det Torbjørn Grindheim Otra IL som var raksaste mann, medan Celina Enes-Seberg Hovden Sportsklubb var raskaste kvinne. Det var også mange blide barn og trimmarar å sjå i løypene.  

Arrangøren takkar alle deltakarar, funksjonærar og sponsorar for innsatsen. Me gler oss til neste år!


Solkremvarsel

Me minnar vennleg om at det er lurt å smørje seg med solkrem før det er klart for ein kjempefin dag ute på Haukelirennet. Sola skin frå blå himmel og fara for at sola tek er absolutt til stades.

Haukelirennet 2024 blir 2 x 16 km og ned til mål. Traseen som blir nytta er merka i grønt på løypekartet HER (link til løypekart). Avgjersla er teke for å best vareta sikkerheita til løparane og samtidig få til eit fullverdig og langt turrenn.

Statkraftspurten er som vanleg etter omtrent 8 kilometer. Sport 1-spurten er etter omtrent 27 kilometer. Dert vil bli organisert matstasjon 2 ved runding.


Jurymøte laurdag 13. april kl. 0800

Jurymøte før rennet, laurdag 13. april kl. 08:00

Desse deltok:

  • Geir Colbjørnsen,, TD
  • André Horgen, ass TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Gudmund Gardsteig, løypesjef
  • Espen Lauritsen, lege
  • Margit Slåtta Flothyl, sekretær

Status:

  • 448 påmeldte i morgotimane.
  • Ingen endring på løypa frå i går. Ungdomsrennet og Vennerennet går som vanleg.

Vêr, føre og løype:

  • Løypa er hard og fin.
  • God sikt på morgokvisten. Litt vind.
  • Temperatur omtrent pluss 2.

Beredskap:

  • Lege på staden. Mykje mannskap frå Røde Kors både i løypa, på matstasjon og i målområdet.
  • Ambulanse og brannvesen på staden.
  • Helikopterlandingsplass mogleg i Haukelifjell skisenter, evt transport med ambulanse i møte.

 

Neste jurymøte: laurdag 13. april 2024, ca. kl. 16:00.


Seedingliste 2024

1 Vebjørn Turtveit

2 David Thorsvik

3 Thomas L. Mollestad

4 Gaute Kvåle

5 Mathias Holbæk

6 Jon Rolf S. Hope

7 Sivert Wiig

8 Sondre R. Ramse

9 Karsten A. Vestad

10 Aron Å. Rysstad

11 Karoline Simpson-Larsen

12 Julie B. Drivenes

13 Sofie N. Hustad

14 Nora Sannes

15 Kari Øyre Slind

16 Sigrid Leseth Føyen

17 Lars Å. Svaland

18 Daniel Dukstad

19 Sjur Obrestad Gabrielsen

20 Halvor Kleiv

21 Thomas Blom

22 Magnus Aarrestad

23 Daniel Omfjord

24 Håvard Kolbeinsvik

25 Niklas B. Thorsen

26 Elias Dybind

27 Iver B. Øverland

74  Kristoffer Sola