Jurymøte etter rennet, laurdag 2. april kl 16:40
Desse deltok:
- Geir Colbjørnsen,, TD
- André Horgen, ass TD
- Trond Neri Flothyl, rennleiar
- Margit Slåtta Flothyl, sekretær
- Ted Erik Botn, løypesjef
- Anders Holen, ansvarleg lege
Evaluering:
- 1064 deltakarar.
- Fin flyt i parkering, Vennerenn og start. Løypene var strøkne. Tidtaking gjekk bra.
- Deltakarar opplevde det som positivt med to ekstra spor på start (10 spor i år)
- Kan skilte betre til bagasje.
- Tydeleg på at pengepremiar ikkje er for ungdomsrenn, inkl. SR-spurten. Kan vurdere ein eigen spurt for ungdommen.
Skader og hendingar
- Ingen alvorlege skader. Meldt om eit forstua handledd. Elles gnagsår.
- Røde Kors har vore flinke til å fylgje opp og melde på samband.
Tilbakemeldingar
- Stort sett bare smil og gode tilbakemeldingar.
- Eit innspel om at nokre hundeeigarar tar litt lite hensyn.
Rapport frå jury
- Godt organisert arrangement. Artig med så mange unge funksjonærar.
- Innspel om å presisere at pengepremiar berre gjeld elite.