Referat

Jurymøte før rennet, laurdag 2. april kl 08.00

Desse deltok:

  • Geir Colbjørnsen,, TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Margit Slåtta Flothyl, sekretær
  • Ted Erik Botn, løypesjef
  • Anders Holen, ansvarleg lege

Status:

  • God kontroll på dei ulike postane. Løypa er bra.
  • 909 påmelde per kl. 08:00.

 Vêr og føre:

  • Forholda er gode. Kaldt frå morgonen, men ingenting som tilseier at været blir eit problem i dag.
  • Hardt føre.

Beredskap:

  • Porsgrunn Røde Kors har mannskap i målområdet.
  • Vinje Haukeli Røde Kors står mellom heisen og start. Av erfaring greit med mannskap der. Er elles mannskap plassert rundt i løypa. Totalt 6 patruljer ute, samt eit co i mål. 14 i mannskapet. Patruljene er dynamiske.
  • Ikkje krav om at ambulanse står på staden heile tida. Strebar likevel etter å hente inn ny ambulanse dersom akutt skade medfører tur til sjukehus . Ambulanse frå den ordninære beredskapen køyrer i møte. Porsgrunn Røde Kors har også beredskap.
  • Landingsplass for luftambulanse bak verkstaden vest for parkering. Elles mogleg å lande rundt i fjellet.
  • Røde Kors køyrer oppsamlingsrunde mot slutten av renndagen.
  • Evakuering av skadde frå skadestoge: krysse nettinggjerde nederst på oppløpet og rett til ambulanse som står oppstilt på parkeringsplassen.

Anna:

  • Få oversikt over dei som manglar mot slutten av dagen.
  • Det er forholdsvis kald grunntemperatur, så skal vere obs på folk som er lenge ute, evt sit lenge stille eller blir liggande på bakken.
  • Brukar mellomtidene/passeringspunkt for å fange opp eventuelle problem. Dette spesielt når det nærmar seg slutten.
  • Sperretid kl. 16:00 på matstasjon 3.

Plassering av folk:

  • Lege held seg i målområdet.
  • Rennleiar, TD og ass TD start, matstasjon og mål
  • Ted (løypesjef) held seg i mål.

 

Neste jurymøte: Laurdag 2. april kl. 17:00.