Laurdag kunne endeleg det trettande ordinære Haukelirennet arrangeras. Sola skein om kapp med dei 1064 deltakarane då starten gjekk på toppen av Haukelifjell skisenter. Gaute Kvåle frå Rødal IL vann herreklassa, medan Silje Øyre Slind frå Oppdal IL vann dameklassa.

Etter to amputerte år var det berre store smil å sjå i den 32 kilometer lange Haukelirennløypa på Haukelifjell. Til saman deltok 1064 løparar i solsteika. Den aller raskaste gjennom var Gaute Kvåle frå Røldal IL med tida 1:11:38. Deretter fylgde Eivind Kjennerud frå Sande Sportsklubb med tida 1:12:58 og Arild Fosse frå Bjørgum med tida 1:15:14. På damesida vann Silje Øyre Slind frå Oppdal IL med tida 1:18:58, før Gunnhild Kvålseth med tida 1:24:49 og Hanna Kristine Larsen frå Heddal IL med tida 1:25:21.

Ungdomsrennet
I ungdomsrennet var det Jacob Berntzen Utistog frå Koll IL som gjekk fortast. Kristina Skulestøyl Aas frå Gransherad IL var raskaste jente.

Blidaste turrennet
Gleda over å gå Haukelirennet att var tydeleg stor blant både aktive, mosjonistar, trimmarar, ungdom og barn, og arrangøren var nøgde med deltakartalet, trass i litt færre enn dei siste gjennomføringane. Dei 130 funksjonærane frå IL Rein kunne smile då siste løparen gjekk i mål laurdag ettermiddag. Det er ikkje for ingenting at Haukelirennet går for å vere «Noregs blidaste turrenn».

 

Resultat 2022

Bilete (oppdateras fortløpande)

Velkommen tilbake laurdag 15. april 2023!