År etter år stiller damene under teamnamnet «Stjernene» til start på Haukelirennet. Dei 17 damene i alderen 50 til 62 år møtast både til joggeturar og teater, og Haukelirennet har blitt ei fast hending i kalenderen til venninnegjengen frå Haugesund.

– Me er ein stor venninnegjeng som både joggar, går på teater, reiser på fjellturar og feirar store dagar saman, seier stjernemedlemmane Ellen Myklebust og Inger Johanne Storesund. Stjernene melder seg på trim-klassa til Haukelirennet, og tek turen i Haukelirennløypa i sitt eige tempo. – Eg trudde på førehand at Haukelirennet var for krevjande og at dette berre er eit renn for dei flinke og rakse på ski. Saman med «Stjernene» fann eg ut at det ikkje stemmer, og at Haukelirennet derimot er eit renn for alle som likar å gå på ski, fortel Myklebust.

Stjerne-damene går i samla flokk gjennom løypa, tar pauser undervegs og kosar seg på ski i vårsola på Haukelifjell.  – Me tek dagen som den kjem. Etter å ha gått eit stykke, rastar me som regel i ei li, varmar oss i sola og heiar på eliten som susar forbi, fortel dei. Etter målgang blir det obligatoriske gruppebiletet foreviga, før bragden feirast med ein god stjernemiddag i lag. Eit år vann til og med eit stjernemedlem ein gevinst på startnummeret sitt. – Det var ekstra stas, legg damene til.

Myklebust, Storesund og resten av «Stjernene» oppmodar alle som likar å gå på ski til å melde seg på Haukelirennet. – Det som er bra med trimklassa er at me kan gå i det tempoet som passar for oss. Det er eit flott arrangement med fantastiske løyper og mange hyggelege folk. Det viktigaste er å ta seg tid til å vere ute, stoppe opp på matstasjonane og heie på kvarandre, avsluttar dei to blide damene, som sjølvsagt er påmeldt årets Haukelirenn.