Motiverande foredrag med Øystein "Pølsa" Pettersen
Fredag 1. april, kvelden før renndagen, inviterar me deltakarar og funksjonærar til eit motiverande føredrag med Øystein «Pølsa» Pettersen.
Øystein er tidlegare skiløpar med mellom ana olympisk gull i lagsprint. Seist såg me han i 71 garder nord og Mesternes Mester, og han er også aktuell med boka «Helt Konge!».
Inngang:
- For ungdom påmeldt Haukelirennet: gratis
- For andre påmelde deltakarar: vipps 100 kr i døra
- Funksjonærar: gratis
Tid og stad :
- Samfunnhuset på Edland skule klokka 19:00
Det blir enkel servering.
Vel møtt til kanskje den perfekte oppladninga før Haukelirennet går av stabelen 2. april. Husk at du må vere påmeldt Haukelirennet for å delta på føredraget.