Haukelirennet legg fylgjande til grunn for kva løparar som skal i seeda gruppe:
- Arrangør nyttar resultatlista for Haukelirennet året før som utgangspunkt og held dette opp mot FIS-punkt. Der det blir tvil, eller løpar ikkje har delteke i Haukelirennet tidlegare, brukar arrangøren FIS-punkt som grunnlag for seeding.
- For å koma med i seeda gruppe må nye løparar må ha betre rangering med utgangspunkt i FIS-punkt enn den løparen på vår seedingsliste med lågast rangering.
- Fredag før rennet, innan kl. 10.30, legg me ut liste over seeda løparar på vår heimeside
Om du har spørsmål eller krav om seeding på bakgrunn av fyrste publiserte liste, kan du sende epost med ei enkel grunngjeving til rennleiar trond.flothyl@haukelirennet.no innan fredag 1. april 2022 kl. 15.00
Juryen stadfester endeleg seedingsliste og publiserer denne her på heimesida innan fredag kl. 22.00
Organisering av startfelt
Bak seeda gruppe vil vi dele feltet inn etter forventa slutttid.
Vi oppmodar deltakarane til å stille seg i det området dei meiner er rett for deira ambisjon og kapasitet. Startfeltet vil bli delt inn i båser med fylgande skilting
Bås 1: Forventa sluttid under 1 t. 45 min.
Bås 2: Forventa sluttid 1 t. 45 min.- 2 t.
Bås 3: Forventa sluttid 2 t.-2 t 30 min.
Bås 4: Forventa sluttid 2 t. 30 min. eller meir/mosjonklasse/trimklasse
Ungdomsrennet har ikkje seeding og løparar her vil ha eigen bås langt framme på høgre sida i startfeltet.
Startfeltet opnar kl. 11.50.