Praktisk info

Rennkontor

Rennkontoret finn du i traileren i målområdet og har desse opningstidene:
Fredag 12. april kl. 17.00-21.00
Laurdag 13. april frå kl. 08.30

Påmelding før renndagen ordnar du på denne sida (link). Dette gjeld også Vennerennet. Me oppmodar sterkt om å melde seg på før renndagen av hensyn til pågang i rennkontoret.

Du kan likevel melde deg på tidtakingsklassene heilt fram til start. Trim kan du melde seg på heile dagen. Siste frist for å melde seg på Vennerennet er klokka 10.00.

Start/mål

Fellesstart for alle tidtakingsklasser kl. 12.30. Arrangøren regulerer startposisjonane. Skiheisen som fraktar deltakarar til start opnar kl 09.00. Ver ute i god tid. Det kan bli kø i heisen.

Løypa er open for trimmarar frå kl. 09.00. Du står fritt til å gå når det passar deg.

Startpunktet ligg på ca 1000 moh. ovanfor toppen av Haukeliheisen i Haukelifjell skisenter (følg skiltinga). Gratis skiheistransport til startsletta for alle påmeldte, også trimklassa (turen opp tek ca. 15 minutt). Kvar enkelt deltakar er ansvarleg for å koma seg tidsnok til start. Bereikn god tid til dette.

Vennerennet har oppvarming frå klokka 10.45 og startar 11.00 nede i Haukelifjell skisenter. Ver ute i god tid med å hente startnummer slik at de rekk start.

Målgang er nede i Haukelifjell skisenter.

Oppvarming

Det er høve til å varme opp i løypa.

Stilart

Rennet går i fristil, preparert for både klassisk og skøyting.

Drikkestasjonar/matstasjonar

Det er drikke- og matstasjon (saft, sportsdrikke og frukt) etter 8 km, 16 km og 22 km. Matstasjonane opnar kl 10.00.

Toalett

Inne i Tyrvelidhallen på skisenteret er det kafè, toalett m.m. Det blir satt opp ekstra toalett ved start- og målområdet samt ved fyrste matstasjon.

Vennerennet

Vennerennet er for barn mellom 2 og 12 år. Rennet finn stad i Haukelifjell skisenter/målområdet og er gratis. Startnummer hentas i eige telt vis a vis rennkontoret. Husk å hente dette i god tid før oppvarminga.

Maskottane Hauk og Eli har oppvarming med dei små ved premiepallen kl. 10.45. Frå kl. 11.00 er det skirenn. Dei yngste startar fyrst. Fylg anvisning frå funksjonærane.

Distansane er 0,5 km, 1 km, og 2 km.

Foreldre kan fylgje barna rundt med ski på beina. Premie til alle i mål.

Resultatservice

Resultatlister blir kunngjort ved mål så snart dei er klare. Listene blir óg lagt ut her på heimesida vår.

Startnummer, avlevering/henting av klede

Brikka er integrert i start-nummeret. Pass på at startnummeret er med gjennom heile løypa.

Ved utlevering av startnummeret får ein pose til klede. Det er viktig å nytte vedlagte strips (merka med ditt startnummer) for å lukke posen. Lever lukka pose i startområdet på merka sone. Posane kan deltakarane hente i målområdet etter målgang.

Sanitetsteneste

Det er medisinsk ansvarleg og sanitetspersonell på staden. Røde Kors er tilstades fleire stader ute i løypa.

Avlysing/endring av løypa

Ved dårleg vêr kan løypa bli korta inn. Særs vanskelege temperatur-,
vêr- og snøtilhøve/andre løypetilhøve kan i verste fall føre til avlysing. Oppdatert informasjon om dette på vår heimeside og facebookside.

Sperretid

Ein må ha passera den siste matstasjonen (22 km) innan 3 timar og 30 minutt etter start (kl. 16.00).

Ved avbrote løp

Ta kontakt med rennkontoret og levér startnummeret der.

Premieseremoni

I målområdet ca. kl. 14.30, men eksakt tidspunkt blir kunngjort av speaker.

Premiehenting

Premiar utanom premieseremonien må deltakarane hente sjølve. Trekningsliste av trimpremiar blir kunngjort renndagen. Uavhenta premiar blir ikkje ettersendt.

Søppel

Ikkje kast søppel i traséen! Ta med søppelet til nærmaste matstasjon.