Om Haukelirennet
Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som sidan 2009 har blitt arrangert på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter og løypa slyngar seg gjennom majestetisk natur på Hardangervidda. Rennet er 32 km langt og går i fristil.
Me har fokus på skiglede, rekruttering og mangfald, og både eliten, ungdommar, aktive skiløparar, mindre aktive skiløparar, barnefamiliar og turgåarar er på plass når Haukelirennet går av stabelen. Me har nemleg ei distanse for alle – både med og utan tidtaking. Les meir om dei ulike klassene og distansane under «Klasser, prisar og seeding».
Rennet går i fristil, men det blir køyrd klassiskspor for dei som ynskjer det.
Velkommen til Haukelifjell 13. april 2024!