Side om side med eliten står ungdommane til start i Haukelirennet. Det 12 kilometer lange ungdomsrennet samlar ungdommar frå heile landet, og i startfeltet står både Ingebjørg Kili (13) og Kristine Reinsviki (13).

– Det er moro å gå eit så stort og kjent skirenn i nærområdet. Løypa og naturen er fantastisk, også får me stille til start saman med både ungdommar frå heile landet og eliteutøvarane, fortel Ingebjørg Kili (13). Ho og venninna Kristine Reinsviki (13) går begge for arrangørklubben IL Rein. Saman har dei stilt til start i fleire skirenn gjennom sesongen, deriblant i ungdommens Holmenkollrenn. Haukelirennet er likevel eit høgdepunkt for dei begge. – Stemninga på Haukelirennet er magisk. Det er som å gå i Holmenkollen berre med mykje finare natur! Det et skikkeleg moro å køyre ned svingane til mål og sjå på alle som syng og heiar. Dei lagar veldig god stemning, fortel Kili.

Ungdomsrennet fylgjer delar av traseen til det 32 kilometer lange Haukelirennet. Totalt 12 kilometer på enden av Hardangervidda, med ei artig og utfordrande utforkøyring ned til mål. – Ungdomsrennet er passe langt. Ein får tatt seg bra ut oppover, men også renne ein del utfor. Variasjonen gjer løypa veldig morosam, seier Reinsviki. Ho legg til at det er ekstra unikt å gå skirenn på høgfjellet.

På spørsmål om kven dei oppfordrar til å delta i ungdomsrennet er dei ikkje i tvil. – Alle som likar å gå på ski! Dei ivrige Haukelirenndeltakarane påpeikar at ein ikkje treng å vere landets beste for å delta i Haukelirennets ungdomsrenn, og at det viktigaste er å ha det moro. – Det er ein siger berre å delta, legg dei til. Både Kili og Reinsviki deltek på årets Haukelirenn. – Det er eit renn eg ikkje vil gå glipp av, i alle fall, avsluttar Kili.