Sjå for deg ein solfylt aprildag. Det er vindstille i fjellet. Det er blå himmel. Gradestokken går frå minus til pluss. Skiføret er magisk og det er berre store smil å sjå. Det er Haukelirennet det. Det syttande i rekkja blei arrangert i dag og det med 917 blide deltakarar på startstreken.
Fort gjekk det også. Martin Kirkeberg Mørk, Drammens Ballklubb, gjekk fortast av alle med tida 1:07:02 i den 32 kilometer lange løypa. Han var i tett kamp med Kasper Andersson Herland, Hemsedal IL / Team Anlegg Øst Entreprenør, som kom like bak. Thomas Linnebo Mollestad, Oddersjaa SSK, blei nummer tre. På damesida var Karoline Simpson-Larsen, Vargar IL, klart raskast med tida 1:14:50. Gode fire minutt seinare kom Julie Bjervig Drivenes, Konnerud IL, og på tredjeplass kom Sigrid Bilstad Neraasen, Åsmarka IL / NVE Bil.
Rundt 50 barn gjekk også Vennerennet der både maskotane Hauk og Eli og heile Team Elon vest sto for heiing og premieutdeling. Det stilte også mange spreke ungdommar på startstreken side om side med eliten. Dette var ikkje minst ein ypparleg dag å vere trimdeltakar på, og mange tok turen rundt heile løypa. Det var også mange som nytta moglegheita til å setje seg på ein bar topp og nyte sola etter skituren.