Klasser, prisar og seeding

Konkurranse (med tidtaking) 32 km
Kr 500,- ved påmelding innan 31. januar
Kr 700,- ved påmelding innan 18. april
Kr 900,- ved påmelding på renndagen
(+ lisens)
Klassedelt i fem-årsintervallar med fellesstart for alle klasser.
Start kl 12.30.

Mosjon (med tidtaking) 32 km
Kr 500,- ved påmelding innan 31. januar
Kr 700,- ved påmelding innan 18. april
Kr 900,- ved påmelding på renndagen
(+ lisens)
Ingen klasseinndeling.
Start kl 12.30.

Mosjon (med tidtaking) 18 km
Kr 400,- ved påmelding innan 31. januar
Kr 600,- ved påmelding innan 18. april
Kr 800,- ved påmelding på renndagen
(+ lisens)
Ingen klasseinndeling.
Start kl. 12.30.

Ungdomsrennet (med tidtaking) 13 km
Kr 400,- (+ lisens).
Aldersklasser: J12, G12, J13, G13, J14, G14, J15, G15, J16 og G16.
Start kl 12.30.

Trimklasse (utan tidtaking) valfri distanse
Kr 350,- per pers. / kr 800,- per famile (+ lisens)
For alle aldrar.
Løypa er open for trimmarar frå kl. 09.00. Matstasjonen opnar kl 10.00.
Trekning av mange flotte premiar, mellom ana reisegåvekort frå TUI.

Barnerennet (utan tidtaking) – GRATIS deltaking
Aldersblanda grupper i tre klasseinndelingar: 2-7 år (0,5 km), 8-12 år (1 km) og 11-12 (ca. 2 km).
Alle foreldre som skal fylgje barna sine gjennom løypa må gå på ski. Oppvarming med maskotene våre, Hauk og Eli, frå kl. 10.15. Start kl. 10.30.

Seeding

Haukelirennet legg fylgjande til grunn for kva løparar som skal i seeda gruppe:

  • Arrangør nyttar resultatlista for Haukelirennet året før som utgangspunkt og held dette opp mot FIS-punkt. Der det blir tvil, eller løpar ikkje har delteke i Haukelirennet tidlegare, brukar arrangøren FIS-punkt som grunnlag for seeding.
  • For å koma med i seeda gruppe må nye løparar må ha betre rangering med utgangspunkt i FIS-punkt enn den løparen på vår seedingsliste med lågast rangering.
  • Fredag før rennet, innan kl. 10.30, legg me ut liste over seeda løparar på vår heimeside

Om du har spørsmål eller krav om seeding på bakgrunn av fyrste publiserte liste, kan du sende epost med ei enkel grunngjeving til rennleiar trond.flothyl@haukelirennet.no innan fredag 5. april 2019 kl. 15.00.

Juryen stadfester endeleg seedingsliste og publiserer denne her på heimesida innan fredag kl. 22.00.

Organisering av startfelt

Startfeltet opnar kl. 11.50.
Bak seeda gruppe vil vi dele feltet inn etter forventa slutttid.

Vi oppmodar deltakarane til å stille seg i det området dei meiner er rett for deira ambisjon og kapasitet. Startfeltet vil bli delt inn i båser med fylgande skilting

Bås 1: Forventa sluttid under 1 t. 45 min.

Bås 2: Forventa sluttid 1 t. 45 min.- 2 t.

Bås 3: Forventa sluttid 2 t.-2 t 30 min.

Bås 4: Forventa sluttid 2 t. 30 min. eller meir/mosjonklasse/trimklasse

Ungdomsrennet har ikkje seeding og løparar her vil ha eigen bås langt framme på høgre sida i startfeltet.