Her kjem ein guide til deg som vil melde deg på det virtuelle Haukelirennet 2021: 

  1. Last ned appen «RaceOne» frå Appstore eller der du lastar ned app til telefonen. Du kan også melde deg på ved å gå inn på www.raceone.com. Framgangsmåten er den same.
  2. I feltet «Søk etter ditt løp» søkjer du opp «Haukelirennet». Legg på «18», «32» eller «12» om du ikkje finn distansen med ein gong. Søk opp «Vennerennet» dersom du skal melde på barna.
  3. OBS! Det er to 32 km-distansar. Den som heiter «på Haukelifjell» har løypa lagt inn frå gps, og det gjer at du kan få tida på denne løypa i appen ved å bruke sportsklokke. Dersom du tenkjer å gå ein ana plass enn på Haukelifjell anbefalar me deg å velje «Haukelirennet 32 km».
  4. Trykk på ynskt distanse.
  5. Trykk «Kjøp startnr» / dersom du er på nettsida må du bla ned til knappen «Purchase race entry now».
  6. Dersom du skal ha fleire enn eitt startnummer trykjer du på +, om ikkje vel du «continue».
  7. Fyll inn alle felt.
  8. Har du ein rabattkode skal denne inn i feltet «Discount code».
  9. Huk av i boksen «i agree to terms…»
  10. Trykk «continue»
  11. Velg betalingsmetode – enten Vipps eller kort.
  12. Gjennomfør betaling.
  13. No er påmeldinga registrert, og du får lue og startnummer i posten og du er med i trekninga av fine premiar.
  14. Du får no ein epost frå RaceOne. OBS! Denne kan havne i søppelpost. Her får du ein løpskode.
  15. Denne løpskoden kan du legge inn ved å gå inn i appen, finne rennet du er påmeldt og trykke «Delta i løpet». Fyrst då kan du registrere kilometer og tider i appen.
  16. God tur – og hugs at du kan gå akkurat der du er, når du vil. Du kan gå på ski, sykle, løpe eller gå. Det viktigaste er å komme seg i aktivitet.