På grunn av restriksjonane om føreligg og fordi våren er usikker, har me valt å tenkje alternativt i år. Me er no heilt sikre på at det blir Haukelirenn, og det blir virtuelt. Rennet vil føregå i perioden 5. april – 18- april.

Virtuelt renn: Årets renn er eit virtuelt renn. Det vil seie at du kan gå Haukelirennet når du vil og kvar du vil i perioden 5. april til 18. april 2021. Rennet er på eige ansvar. Lue og startnummer blir sendt i posten til alle deltakarar. Alle deltakarar er også med i trekninga av flotte premiar. Du kan gjennomføre Haukelirennet på ski, sykkel eller løp – det er opp til deg. Kanskje klarer du å gjennomføre 32 km i løpet av perioden? Eller tek du det på ein tur?

Du kan gå Haukelirennet DER DU ER! Me oppfordrar til å ikkje reise unødvendig og å fylgje dei nasjonale restriksjonane.

Påmelding: Påmelding skjer gjennom appen til RaceOne: https://www.raceone.com/en-us. Last denne ned. Der finn du Haukelirennet, og kan velje mellom Haukelirennet 32 km, 18 km eller 12 km. Det er også to ulike Vennerenn; 1 km og 5 km. Det er ope for å melde seg på Haukelirennet heile perioden. Det er ein kontigent på kr. 350 for alle over 12 år. Det er gratis for alle under 12 år. Husk at du kan velje å gå distansen på ein tur, eller du kan dele den opp. Kva er ditt mål?

Du kan melde deg på også etter du har gått. Lue blir sendt etter påmelding. Startnummer blir brukt til trekking av premie og som ein ekstra motivasjon.

Løyper: Traseen til Haukelirennet er 32 km lang – denne blir tråkka i heile perioden rennet held på, og gjer at det er fantastiske løyper på Haukelifjell. RETTING: løypa er 28 km i år pga delar med lite sno og fordi nedfarten ikkje blir tråkka i år. Start og mål på toppen av Haukelifjell skisenter. Mykje av løypetraseen er del av løypenettet til Haukelifjell skisenter. Heile løypa ligg i ope høgfjellsterreng, og det høgste punktet på løypa er på ca. 1210 m.o.h.. Kartet viser dei tre løypene som blir bruka under ordinært renn. Traseen til ungdomsrennet er merka i blått. Den er omlag 12 kilometer. Dersom du går frå toppen av Haukelifjell skisenter, vil den etter ca. 3 kilometer svinge av til høgre. Den grøne løypa er 18 km. Den går ein runde i det me kallar «Prestegårdrunden», og henger seg deretter på ungdomsløypa. Den 32 km lange løypa er merka i raudt på kartet og har også ein runde i retning Haukeliseter. Ein kan kome inn på løypa fleire stader. Gamle Raudbergvegen er  ca. 2 km, og kjem i tillegg til resten av løypa.

Stilart: Rennet går i fristil. Det blir preparert for både klassisk og skøyting. Dersom du held til ein plass utan sno, er det ingenting å vegen for å løpe, sykle eller gå på rulleski.

Start: Det er mogleg å komme inn på løypa både frå Haukelifjell Skisenter, Gamle Raudbergvegen, Prestegård og Haukeliseter. Du kan også starte der du måtte ynskje, i dine favorittløyper, der du er.

Raude krossen: Årets Haukelirenn er på eige ansvar, og det er ikkje naudsynt med lisens. Haukeli/Vinje Røde Kors vil patruljere i nærleiken av Haukelirennløypa dei aktuelle helgene.

Bruk av skiheis: I helgene 9.-11. april og 16.-18. april er t-krokheisen i Haukelifjell Skisenter ope for påmelde deltakarar. Vis fram startnummer eller gyldig påmelding for ein tur opp til toppen. Ta til venstre, og deretter slakt til høgre. Då kjem du inn på Haukelirenn-løypa.

Tidtaking: Det blir ikkje tidtaking i Haukelirennet sin regi. Last ned appen RaceONE og ta tida di sjølv. Appen synkroniserer bra med Garmin sportsklokke. Har du andre typer sportsklokker, kan du enkelt laste opp tidas di manuelt. Dette gjer du ved å trykke på «ditt resultat» i appen.

Vennerennet: Barn mellom 0 og 12 år kan melde seg på Haukelirennet gratis. Hauk og Eli vil vere synlege på Haukelifjell nokre dagar, dersom restriksjonane tilseier at dette er greitt.

Smittevern: Ved å ha eit virtuelt renn over to veker, unngår me å samle mykje folk på ein stad. Me oppfordrar til å fylgje dei nasjonale og lokale råda, og ikkje reise unødvendig. Hald to meter avstand i løypa, og ha respekt for andre rundt deg. Det kan også vere lurt å legge turen til Haukelifjell utanom dei mest travle tidspunkta. Bli heime dersom du er i karantene, har symptom el. IGJEN: du kan gå årets Haukelirenn DER DU ER!