Me håpar det etter forholda står bra til med kvar og ein av dykk.

Haukelirennet er som kjend avlyst. Dette er veldig trist, men sjølvsagt heilt rett. Haukelirennet er den største inntektskjelda til Idrettlaget Rein, og avlysning vil for oss, som for alle andre, få konsekvensar. Me set vanvittig stor pris på alle bidrag frå sponsorar og samarbeidspartnarar, og ikkje minst frå deltakarar. Det varmar hjarta våre.

Me har likevel bestemt at alle deltakarar som har betalt kontigent til årets renn, får heile summen betalt tilbake. Kontigenten kan alternativt overførast til neste år, eller den kan donerast til Haukelirennet.

EQ timing vil sende ut mail til alle deltakarane dei nærmaste dagane. Her vil dykk få meir informasjon, og melde inn ynskt alternativ.

Me håpar å sjå dykk alle på Haukelifjell 10. april 2021 – til eit friskt, sprekt og solfylt Haukelirenn!