Referat

Jurymøtet etter rennet, laurdag 14. april kl 16.00

Desse deltok:

  • Per Nymoen, TD
  • Kenneth Holth, ass. TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Kristin Person, sekretær
  • Gudmund Gardsteig, løypesjef
  • Ane Maren Martinsen, lege

Gjennomføring:

  • TD gjev tilbakemelding om vel gjennomført renn. Løypa var fast under, med litt mjukare overflate. Tilbakemeldingar på gode forhold i dei salta utforkøyringane. Arrangementet verkar godt førebudd. Heilskapeleg skilting.
  • Passe på at det er publisering av resultat på plakat i målområdet.
  • Betre publisering/lettare tilgang til live-resultat i målgang.

Start

  • Fullt i båsane, spesielt ungdomsgruppa. Innspel frå TD om å forlenge startområdet. Eventuelt vurdere å separere starten på tid.

Mål

  • Fint oppløp, publikumsvenleg.
  • Litt mykje trafikk i paddocken ved å ha drikka plassert inni paddocken. Liten plass for løparane når dei kjem inn i mål. Forslag frå TD om å utvide dette området, eller eventuelt flytte drikkebordet til eine sida av paddock istaden for å ha den midt mot målstreken.

Lege/sanitet

  • Lege rapporterar om at rennet er gjennomført utan store skader. Eit par tilfelle av kuttskader; ein av desse blei sendt vidare til legevakt for behandling. Eitt tilfelle av hjartebank.

 

Referat

Jurymøte før rennet, laurdag 14. april kl 08.00

Desse deltok:

  • Per Nymoen, TD
  • Kenneth Holth, ass. TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Kristin Person, sekretær
  • Gudmund Gardsteig, løypesjef
  • Ane Maren Martinsen, lege

 

Vêr og føre:

  • Rennet går etter planen. Vêret er bra, så og sei vindstille. Fast i løypa, ingen is. Nedfarten er litt hardare, men vil mest truleg halde seg mjuk.

Plassering av folk:

  • Løypekøyrarane har ulike oppgåver.
  • Rennleiar; held seg i målområdet til etter Vennerennet, så opp til start, vidare til Statkraftspurten og til målgang.
  • TD held seg på start og så ned i målområdet.
  • Lege held seg i målområdet.

Anna:

  • Skaffe startliste til TD.
  • Premieseremoni i målområdet kl. 14.30. Alle deltakarar får luer, samt er det premiering til dei tre beste i kvar tidtakingsklasse. Vennerennet har eigen premiering ved sin målgang.
  • Speakerteneste ved Audun Svartdal og Tor Eivind Erikstein.

 

Referat

Jurymøte fredag 13. april kl 17.00

Desse deltok:

  • Per Nymoen, TD
  • Kenneth Holt, ass. TD
  • Trond Neri Flothyl, rennleiar
  • Kristin Person, sekretær
  • Gudmund Gardsteig, løypesjef
  • Lege Ane Maren Martinsen var ikkje tilstades, men møter på jurymøtet i morgon.

 

Ansvarsforsikring for arrangementet:

  • Gjeldande ansvarsforsikring blei godkjend av TD.

Løypetrasé:

  • TD beslutta i føremiddag å salte siste nedkøyringa mot mål.
  • Tilbakemelding frå TD: Løypa er merka bra og svært godt stikka.
  • Positivt med gjenkjennelege og skikkelege skiltsystem.
  • TD ber arrangør å halde ekstra auga med løparar der det er mogleg å ta «snarvegar» i løypa.
  • Løypekøyrarane køyrer spor i startfeltet rett etter dette møtet og køyrer heile runden etterpå. Om ikkje noko spesielt skjer, blir dette siste runden før rennet.
  • I traséen blir det køyrd to spor på høgre side.

Anna

  • For å skille dei ulike klassene: Aktivklasse har kvite startnummer, mosjon gul, ungdom blå, trim raude.
  • Målfoto; EQtiming har video ved målgang. I tillegg har me video på spurtane. Eigne folk har ansvar for spurten. Juryen er den som skal ta avgjersler i eventuelle målfoto.
  • Kommunikasjon mellom TD og arrangør via telefon. Elles har sanitetspostane rundt i løypa sambandskommunikasjon med rennleiar, ambulanse og brannmannskap.
  • Back-up på tidtaking: Video med klokke. Det vil då ta litt lenger tid å få resultatlista på plass.
  • AntiDoping Norge kan koma uanmeld – arrangøren må i så fall legge til rette for lokalitetar.

Seeding

  • I tillegg til den tidlegare publiserte lista, godkjende juryen at Erling Fosse, Mari Hetlesæter, Dag Sander Bjørndalen og Arild Fosse skal inn i seeda gruppe. 

Startliste

  • Arrangøren be EQtiming skrive ut startlista for TD og ass. TD på laurdag.
  • EQtiming skriv ut TD-rapport etter rennet.

 

Nytt jurymøte laurdag morgon kl. 08.00.