Om Haukelirennet

Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter og løypa slyngar seg gjennom majestetisk natur på Hardangervidda.

Me har fokus på skiglede, rekruttering og mangfald og både eliten, ungdommar, aktive skiløparar, mindre aktive skiløparar, barnefamiliar og turgåarar er på plass når Haukelirennet går av stabelen. Me har nemleg ei distanse for alle – både med og utan tidtaking. Les meir om dei ulike klassene og distansane under «Klasser, prisar og seeding».

Rennet går i fristil, men det blir køyrd klassiskspor for dei som ynskjer det.

Velkommen til Haukelifjell 6. april 2019.