Det går knapt an å få betre rammer enn dei Haukelirennet fekk i sitt tiande arrangementsår. Sol, vindstille vêr og rekordmange deltakarar gjorde dagens renn til den største ski- og folkefesten i haukelirennhistoria til no. Heile 1462 skiløparar deltok, ei auke på 201 deltakarar frå sist rekord i 2016.

Haukelirennet har mange løparar i tidtakingsklassene, men den aller største klassa er framleis trimklassa – dei som går så fort og så langt dei sjølv ynskjer. Mange bidrog til stor stemning langs den 32 kilometer lange høgfjellstraséen med norske flagg og jubelrop. Ingen tvil om at dette bidreg til gjere løpet til ei ekstra stor oppleving for både deltakarar og arrangør.

Tett kamp i flotte løyper

I herreklassa bryggja det opp til eit spennande løp med blant anna landslagsløparane Simen Hegstad Krüger, Sjur Røthe og Hans Christer Holund på startstreken. Røthe hadde ein siger å forsvare frå i fjor, men fekk solid konkurranse gjennom heile den 32 kilometer lange løypa. Etter eitt heitt spurtoppgjer viste det seg at at 2018 skulle bli året til ein annan vossing; Vebjørn Turtveit. OL-meistaren Krüger, Lyn, kjempa seg inn til ein andre plass, medan Sjur Røthe tok tredje plassen i sitt niande haukelirenn.
–Trur nesten det er det finaste skirennet eg har gått nokon gong, sa lynløparen Hans Christer Holund etter målgang.
– To Lyn mot to vossingar – ein bra avslutning på sesongen, uttala ein smilande Røthe. Krüger på sin side lova å vera klar for revansje i Haukelirennet 2019.

Team Telemarks Henrik Dønnestad frå Gulset IL og våre eigen lokale skihelt, Runar Skaug Mathisen frå Vinje IL, hang tett på landslagsløparane gjennom heile løypa og enda tilslutt på ein sterk femte og sjette plass.

I dameklassa vann Silje Øyre Slind, Oppdal IL, nesten to minutt framfor Magni Smedås, Lillehammer Skiklubb. Astrid Uhrenholt Jacobsen, Heming IL, ein av dei eliteløparane som har delteke på Haukelirennet flest gonger, tok i år tredjeplassen.

Heilt (OL)konge

Heile 188 barn mellom 2 og 12 år fekk også i dag teste seg mot nokre av Noregs beste løparar. Astrid Uhrenholt Jacobsen og Sjur Røthe har gått med barna fleire gonger og er alltid flotte og sympatiske førebilete. Hans Christer Holund og Simen Hegstad Krüger hadde i år sin debut som Vennerenn-løparar. Sjølv om ikkje alle dei små kjende til kva verdsstjerner dei hadde ved sidan av seg i løypa, var innsatsen uansett stor. Det er liten tvil om at konkurranseinstinktet hjå nokon får eit «boost» i møte med verdseliten.

Rekruttering

113 ungdomsløparar stilte til start i dette Haukelirennet. Dei starta som vanleg saman med hovudfeltet, og hadde fleire sterke løparar på startstreken. I den 12 kilometer lange løypa var Hanne Sløgedal, Vindbjart IL, den sterkaste av jentene. Ho kom i mål før Amalie Galaaen Røthe, Voss IL, og Regine Kjølberg frå Bjerkreim IL. Etter eit par uheldige fall i den særs krevjande nedfarten mot mål, var det Mathias Holbæk som tok sigeren framfor Bård Olav S. Medhus, Røldal IL, medan Torjus Klette frå Ørnar IL kapra tredjeplassen.

Spurtar og bratte bakkar

I Statkraftspurten, som ligg i fantastiske omgjevnader åtte kilometer etter start, spurta Hans Christer Holund seg til fyrstepremien, før Simen Hegstad Krüger og Sjur Røthe. I dameklassa tok Silje Øyre Slind overlegent topp-premien før Astrid Uhrenholt Jacobsen og Magni Smedås.

I år hadde Haukelirennet ein ny attraksjon: Spurtpris på Sport 1-spurten etter 16 kilometer. Silje Øyre Slind var rå og tok fyrstepremien her óg. Astrid Uhrenholt Jacobsen klarte å ta andrepremien, medan Magni Smedås tok tredjeplassen. I herreklassa kjempa Simen Hegstad Krüger seg til fyrsteprisen, medan Vebjørn Turtveit og Hans Christer Hollund hamna på andre og tredjeplass.

Ein annan Haukelirenn-spesialitet er SR-bakken, den siste heftige bakken ned mot mål, den er gjeld det å koma seg raskast ned mot mål, Her var Silje Øyre Slind og Vebjørn Turtveit dei desidert raskaste i dame- og herreklassa.

Motiverande

Arrangøren IL Rein har omlag 300 medlemmer og om lag 130 av desse var i sving for å levere sitt tiande internasjonale arrangement på Haukelifjell. Arrangøren takkar alle sponsorar, deltakarar og tilskodarar som skapa fantastisk stemning og gjorde dette til det beste Haukelirennet nokonsinne.