Haukelirennet 2020 er avlyst.
 
Corona-viruset herjar, og no må me alle delta i den viktigaste dugnaden. Me må skydde oss sjølve for å skydde andre, og me må stå saman ved å halde avstand.
 
Alle som er påmeldt Haukelirennet 2020 for tilbakebetalt kontigenten, og vil bli kontakta direkte. Me vil også ta kontakt med samarbeidspartnarane våre. Me ber likevel om tolmod, då det er mykje som skal organiserast framover.
 
Spørsmål kan sendas til margit@haukelirennet.no
 
Me håpar på eit friskt og godt renn i 2021. Til då ynskjer me at alt fokus skal vere å ta vare på kvarandre.