Fjelltrippelen

Her finn du vinnarane av Fjelltrippelen 2018

Frå 2018 har me inngått eit nytt samarbeid mellom tre turrenn i fjellregionen i Telemark og Agder – Fjelltrippelen.

HelteRennet i Rauland, HovdenTour på Hovden og Haukelirennet tilbyr til saman renn for unge, gamle, mosjonistar og eliteløparar – enten du svergar til klassisk stil eller skøyting. Felles for alle renna er at løypene ligg i flott fjellterreng og at me har dei blidaste funksjonærane med dei finaste dialektane… 😉

Alle deltakarar som går alle tre renna får ein eigen deltakarpremie og er med i trekninga av mange flotte premier som til dømes heiskort, helgeopphald og ein betre middag.

Fyrste rennet ut i Fjelltrippelen er HelteRennet i Rauland 10. mars, før HovdenTour går av stabelen laurdagen etter, 17. mars.

Velkomen til oss!