Telemarks største turrenn, Haukelirennet, har blitt arrangert av idrettslaget i Edland og Haukeli, IL Rein sidan 2009. Me samarbeider tett med Haukelifjell skisenter i Vågslid – der både start- og målgang ligg. Haukelirennet er organisert under IL Rein, men har eit eige dugnadsbasert styre. Om lag 120 klubbmedlemmer bidreg på dugnaden i rennhelga kvart år.

No vil me utvikle rennet ytterlegare og har eit mål om å oppretthalde det høge deltakartalet og kvaliteten på arrangementet. Me arrangerer renn på høgt profesjonelt nivå, og er avhengige av gode sponsorar og samarbeidspartnarar for å halde dette nivået.

Per i dag blir alt arbeid med sponsorar og marknadsføring gjort på dugnad av styremedlemmene. No ynskjer me å profesjonalisere denne biten og søkjer etter:

Sponsoransvarleg

i 20 % lønna stilling i 1 år (med moglegheiter for utviding)

Vedkomande vil ha ansvaret for oppfølging av eksiterande avtaler og samarbeidspartnarar, samt innhenting av nye sponsorar.

Me treng deg til å:

  • Tenkje «ut av boksen» og ha ein lystbetont driv til å kontakte nye sponsormarknader.
  • Oppretthalde eksisterande avtaler og innhente nye samarbeidspartnarar.
  • Vere ein viktig støttespelar til gruppestyret og i samarbeide med marknadsføringsansvarleg.
  • Skape aktivitetar på ulike plattformar som held Haukelirennet høgt oppe i bevisstheten hjå skiglade menneske heile året
  • Lage marknadsplan og aktivitetsplan med oversikt over aktivitetar gjennom eit heilt Haukelirenn-år i samarbeid med marknadsføringsansvarleg, og innhente materiell frå sponsorar.

Våre krav:

  • Du må i hovudsak ha anledning til å jobbe med dette på dagtid – utover det er arbeidstida fleksibel innanfor stillingsprosenten.
  • Arbeidet er heilårs, men med større intensitet frå august, og størst aktivitet fram til rennhelga i april.
  • God evne til å uttrykke deg munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førarkort og disponere eigen bil.
  • Du må vere engasjert, ha lyst å utvikle Haukelirennet og ha evna til å samarbeide med andre.

———————————————————————————————————-

Det blir arrangert mange turrenn i ski-nasjonen Noreg, men Haukelirennet har etterkvart posisjonert seg nasjonalt i skimiljøet i både elite-, tur og og mosjonist. Rennet er 32 kilometer og går i fantastisk natur på Hardangervidda. Me har fokus på skiglede, rekruttering og mangfald. I 2019 vart det sett deltakarrekord med heile 1473 skiløparar.

  • Arrangerast helga før, eller helga etter, påske kvart år
  • Me har alltid løparar frå skilandslaget på startstreken
  • Me er eit av få turrenn som er preppa for både skøyting og klassisk
  • Me har ulike klasser; barnerenn, ungdomsrenn, konkurranse og trimklasse. Rekruttering og folkehelse er viktige punkt for Haukelirennet.
  • Me er eit av få turrenn som blir arrangert av kun eitt idrettslag.

Kanskje det er du som skal hjelpe oss å lyfte Haukelirennet inn i framtida?

Ta kontakt med dagleg leiar Margit Slåtta Flothyl tlf. 454 63 951/epost margit@haukelirennet.no om du har spørsmål eller vil høyre meir om oss. Sjå også heimesida vår www.haukelirennet.no.

Søknad sendas på mail til Margit og fristen er 1. juni.